Accessibility Tools

Skip to main content
  • Konsert på fargeriet?
  • Flygel på scenen i Kipo kultursal
  • Flygel på scenen i Kipo kultursal

Familielaurdag: Dronningtur med teater!

Teater/forestillinger
Dronningtur_Monsterbesøk_liten
Dato: 10. sep 2022 11:00 - 13:00

Møtested: Hauglandshella

Turstart klokka 11.00, teater klokka 12.30.

Velkommen til familiedag på Dronningen! Vi går i samla flokk frå Hauglandshella og finn oppgåver og forskjellig moro langs stien. På toppen kan du sjå den fine teaterframsyninga Monsterbesøk!

Monsterbesøk: Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman, alle tre?

I denne vesle figurteaterframsyninga om kor vanskeleg det er å vere tre, møter vi Lys levende Adele i alle rollane. Den varar i om lag 30 minutt, og passar for heile familien, frå 3 år og oppover.


 

Telefon
E-post:
Hvem passer arrangementet for?
Familie
Adresse
Hauglandshella

 

Datoer


  • 10. sep 2022 11:00 - 13:00

 

Kart