Accessibility Tools

Skip to main content
  • Konsert på fargeriet?
  • Flygel på scenen i Kipo kultursal
  • Flygel på scenen i Kipo kultursal

Haustferien: Fiskebolleboksraketten

Teater/forestillinger
Fiskebolleboksraketten_bruk_denne
Dato: 11. okt 2022 11:30 - 12:00

Møtested: Askøy folkebibliotek

Drøymer du store draumar?

Det blir morosamt og spennande når far og Nils bygger rakett av tomme fiskebolleboksar. Det einaste som står att, er få tak i oppskytingsknappen til raketten. Etter det kan dei få oppfylle familiedraumen om å reise rundt månen i ein heimelaga fiskebolleboksrakett. Fiskebollefabrikk-sjef Ragnhild Franzen synes at å være nummer to er det same som å tape, og har det travelt med å få raketten ut i verdsrommet slik at ho kan få reklame for fiskebollefabrikken sin. For det er vel dette far og Nils alltid har hatt lyst til, er det ikkje?

Anna R. Folkestad har skrive og illustrert boka Fiskebolleboksraketten. Passar for 4 år og oppover.

Tid: Tysdag 11. oktober klokka 11.30 (OBS! Haustferien!)
Stad: Askøy folkebibliotek

BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart. Billettar bestiller du enkelt ved å trykkje på den grøne "Kjøp billett"-knappen til høgre.

OBS! Store grupper og barnehagar MÅ kjøpe billettar på førehand.


 

Telefon
E-post:
Hvem passer arrangementet for?
Barn (se arrangement for aldersgruppe)
Adresse
Askøy folkebibliotek

 

Datoer


  • 11. okt 2022 11:30 - 12:00

 

Kart