Accessibility Tools

Skip to main content
  • Konsert på fargeriet?
  • Flygel på scenen i Kipo kultursal
  • Flygel på scenen i Kipo kultursal

Trampetrollet som ikkje kunne dansa

Teater/forestillinger
trampetrollet-2
Dato: 21. mar 2023 10:00

Møtested: Askøy folkebibliotek

Nei, trampetroll kan ikkje dansa!

Ekornet får berre sprette så fint det kan. Fuglane får berre synge med den stemma dei har. Og Gladsvinsen og Lystspretten kan spele så mykje musikk dei vil. Men trampetroll trampar når dei går, trampar når dei tenkjer og trampar når dei søv. Slik er det berre. Dei vil ha det stille så dei kan trampa i ro og fred for seg sjølv. Trampetroll kan i alle fall ikkje dansa! Ikkje svinge seg lett på tå eller spinne rundt på bakken. Eller kan dei det?

Trampetrollet som ikkje kunne dansa er basert på eventyret til Bente Bratlund, med same namn.

Passar frå 3 år og oppover.

Tid:

  • Tysdag 21. mars kl. 10.00–10.30
  • Tysdag 21. mars kl. 11.00–11.30

Stad: Askøy folkebibliotek

BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart. Billettar bestiller du enkelt ved å trykkje på den grøne "Kjøp billett"-knappen til høgre.

OBS! Store grupper og barnehagar MÅ kjøpe billettar på førehand.


 

Telefon
E-post:
Hvem passer arrangementet for?
Barn (se arrangement for aldersgruppe)
Adresse
Askøy folkebibliotek

 

Datoer


  • 21. mar 2023 11:00
  • 21. mar 2023 10:00

 

Kart