Accessibility Tools
Møtested: Askøy folkebibliotek
Korleis rømmer ein frå ei kjedeleg bok? Med sin varme og lune humor tek Kristian borna med på ei reise inn i ei tilsynelatande heilt tom bok. Saman lærer dei korleis dei sjølv kan påverke det som skjer og fylle sidene med eventyr, spenning, latter og moro.
Inspirert av boka Ei kjedeleg bok av Vegard Markhus. Passer for born frå 4 år og oppover.
Askøy folkebibliotek
Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart. Billettar bestiller du enkelt ved å trykkje på den grøne "Kjøp billett"-knappen til høgre.