Accessibility Tools
Møtested: Askøy folkebibliotek
Velkomen til biblioteket sin tesalong!
I lune omgjevnadar presenterast utvalte bøker for vaksne. Set deg ned, slapp av og få inspirasjon til eit rikt utval av bøker. Vi serverer drikke og noko å bita i, med ein smak av «Afternoon Tea».
Vi møtast ein tysdag i månaden kl. 13.00–14.00. Påmelding grunna matservering (seinast kl. 12 dagen før). Ta kontakt om eventuelle matallergiar ved påmelding, så legg vi til rette så godt vi kan.
Datoar framover:
BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart.