Accessibility Tools
Møtested: Askøy folkebibliotek
I lune omgjevnadar presenterast utvalte bøker for vaksne. Set deg ned, slapp av og få inspirasjon til eit rikt utval av bøker. Vi serverer drikke og noko å bita i, med ein smak av «Afternoon Tea». Vi møtast ein tysdag i månaden, klokka 13.00–14.00 og klokka 18.00–19.00.
Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart. Billettar bestiller du enkelt ved å trykkje på den grøne "Kjøp billett"-knappen til høgre.
Påmelding grunna matservering (seinast kl. 12 dagen før). OBS! Det er få plasser. Ved påmelding, hugs òg å sende ein e-post til om eventuelle matallergiar, så legg vi til rette så godt vi kan.