Accessibility Tools

Skip to main content

Eit hjarte til jul

Teater/forestillinger
Eit_hjarte_til_jul
Dato: 11. nov 2022 12:00 - 12:45

Møtested: Askøy folkebibliotek

Nora er ni år. Ho gler seg til jul, men ho gruar seg òg. Mamma ligg på sjukehus. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora er redd for at mamma ikkje vil kjenne henne att med eit anna hjarte enn sitt eige.

Farmor veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet. Og då, akkurat då, fer eit stjerneskot over himmelen!

I den musikalske juleforteljinga «Eit hjarte til jul» les Line Dybedal frå biletboka med same namn. Låtskrivaren frå Nordfjord debuterer som barnebokforfattar med denne boka. Til framsyninga har ho laga fem nye songar som glitrar og funklar saman med den stemningsfulle og hjartevarme historia.

Line Dybedal les, syng og akkompagnerer seg sjølv på piano. Saman med seg på scena har ho gitarist Mathias Marstrander. Han rammar inn forteljinga med musikalske stemningsbilete. Publikum får fylgje historia om Nora frå blad til blad. Line Renslebråten sine illustrasjonar blir viste i stort format som ein del av scenografien.

Den musikalske juleforteljinga er utvikla på initiativ frå Rom for ord, i samarbeid med Teater Vestland og med støtte frå Norsk kulturråd. Regien er ved Idun Losnegård og lysdesign er ved Krystian Myskja. Arrangementet er i regi av Nynorsk kultursentrum.

Passar for born frå 4 år og oppover.

Tid: Fredag 11. november kl. 12.00–12.45
Stad: Askøy folkebibliotek

BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart. Billettar bestiller du enkelt ved å trykkje på den grøne "Kjøp billett"-knappen til høgre.

OBS! Store grupper og barnehagar MÅ kjøpe billettar på førehand.


 

Telefon
E-post:
Hvem passer arrangementet for?
Barn (se arrangement for aldersgruppe)
Adresse
Askøy folkebibliotek

 

Datoer


  • 11. nov 2022 12:00 - 12:45

 

Kart