Tesalong med Frode Øverli
Møtested: Askøy folkebibliotek
Nyt ein smak av Afternoon Tea og hør den utrulege historia om Pondus. Forfatter Frode Øverli tek oss med inn bak dei kjære karakterene i tegneserien - og visste du at han også har gitt ut ei barnebok? I tillegg presenterer Marianne og Kristian eit utval nyare bøker.
Hjarteleg velkomne til ein hyggeleg og inspirerande kveld!
BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart. Billettar bestiller du enkelt ved å trykkje på den grøne "Kjøp billett"-knappen til høgre.
Påmelding grunna matservering (seinast kl. 12 dagen før). Ta kontakt om eventuelle matallergiar ved påmelding, så legg vi til rette så godt vi kan.