Accessibility Tools

Skip to main content

Fiskebolleboksraketten

Teater/forestillinger
fiskebolleboksraketten-bruk-denne-3
Dato: 23. feb 2023 11:30 - 12:00

Møtested: Askøy folkebibliotek

Drøymer du store draumar?

Det blir morosamt og spennande når far og Nils bygger rakett av tomme fiskebolleboksar. Det einaste som står att, er få tak i oppskytingsknappen til raketten. Etter det kan dei få oppfylle familiedraumen om å reise rundt månen i ein heimelaga fiskebolleboksrakett.

Fiskebollefabrikk-sjef Ragnhild Franzen synes at å være nummer to er det same som å tape, og har det travelt med å få raketten ut i verdsrommet slik at ho kan få reklame for fiskebollefabrikken sin.

For det er vel dette far og Nils alltid har hatt lyst til, er det ikkje?

Frå 4 år og oppover.

Anna R. Folkestad har skrive og illustrert boka Fiskebolleboksraketten.

Tid: Torsdag 23. februar kl. 11.30–12.00
Stad: Askøy folkebibliotek

BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart. Billettar bestiller du enkelt ved å trykkje på den grøne "Kjøp billett"-knappen til høgre.

OBS! Store grupper og barnehagar MÅ kjøpe billettar på førehand.


 

Telefon
E-post:
Hvem passer arrangementet for?
Barn (se arrangement for aldersgruppe)
Adresse
Askøy folkebibliotek

 

Kart