Accessibility Tools

Skip to main content

Vin og Viser

Møteplasser
facebookbilde
Dato: 14. apr 2023 06:00

Møtested: Heiarvang grendahus

Velkommen til ein triveleg kveld der vi får presentert 6 vinar og enno flerie songar. Og litt godt å bite i høyrer også med. 

Vin og musikk har alltid vore knytt tett saman. Musikken vert betre med eit glas vin, og vinen vert betre med ei god vise! 

Vi får kjennskap

til kva det vil seie å «smake vin», og til generelle kjenneteikn på raude og kvite vinar og kva som skil mellom enkle, utvikla og modne vinar, og han sveiper så vidt innom tilhøvet mellom mat og vin – hele vegen akkompagnert musikk, song og gode historiar.

Steinar Thorsen

er regissør, dramatikar og skodespelar med 25 års fartstid som profesjonell i teaterets teneste. Han er også ein stor vinentusiast, med eigen vinkjellar, og årlege vinturar til det sørlege Europa. Han har hatt stor suksess med sine kulturelle vinsmakingar og no er det altså visene og deira deilige vinar vi skal bli kjende med! 

Her vert det musikk, litt teater og mange morsomme anekdoter. 
Kom og opplev desse fantastiske vinane og songane deira framført av strålende solistar. 


 

 

Datoer


  • 14. apr 2023 06:00

 

Kart