Accessibility Tools

Skip to main content

Bente Bratlund med dikt i haustmørket

Møteplasser
Bente_Bratlund
Dato: 17. okt 2023 18:00 - 18:45

Møtested: Askøy folkebibliotek

Bratlund har gitt ut over 70 bøker i ulike sjangrar, deriblant mange diktsamlingar, med det ho kallar kvardagspoesi. I haust er ho aktuell med ei heilt ny samling: Dans dotter mi – 100 dikt om livet. Bente kjem til biblioteket med dikt om alle livets situasjonar. Her får du presentert både nye og gamle dikt. Sjølvsagt blir det lun haustglede med påfyll av varme tankar og kake.

«Livet skal ikkje gå opp – Det skal levast».
Anbefalt til påfyll og nyting.

"Klart vi kan

klart vi kan
trø ut i det
løfta draumen
opna livet
ha mot til å våga
eit og eit steg
om gangen
klart vi kan"

"Og så kom regnet
Å gå i regnet og la det
vera som ei reinsing
Bli våt kjenna at kreftene
rører ved ein
Stå der og løfta andletet
pusta inn livet
Vera til"

Tid: Tysdag 17. oktober kl. 18.00
Stad: Askøy folkebibliotek

BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart. Billettar bestiller du enkelt ved å trykkje på den grøne "Kjøp billett"-knappen til høgre.


 

Telefon
E-post:
Hvem passer arrangementet for?
Voksne
Adresse
Askøy folkebibliotek

 

Datoer


  • 17. okt 2023 18:00 - 18:45

 

Kart