Purriot og den hodeløse kvinnen
Møtested: Askøy folkebibliotek
Verdas beste grønsaksdetektiv kjem til biblioteket!
Seint ein vårkveld er Purriot og Paprika med doktor Dadlestad på fuglelytting. Plutseleg høyrer dei heilt andre lydar – eit fælt skrik og eit stort plask. På botnen av sjøen finn Purriot ein kropp. Utan hovud! Bli med Purriot og Paprika når dei oppklarer saka.
Dramatisert frå boka av Bjørn F. Rørvik og Ragnar Aalbu. Framsyninga varar i ca. 40 minutt og er eit samarbeid mellom Askøy folkebibliotek og Bjørnafjorden bibliotek. Passar for 4 år og oppover.
Tid: Torsdag 22. februar kl. 10.00–10.40
Stad: Askøy folkebibliotek
BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart.
OBS! Store grupper og barnehagar MÅ kjøpe billettar på førehand.