Accessibility Tools

Skip to main content

Skjebneval i USA – med dei to tidlegare USA-korrespondentane Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

Kurs, foredrag og debatt
skjebnevalg-i-usa
Dato: 24. okt 2024 13:00 - 14:00

Møtested: Askøy folkebibliotek

Nordmenn er opptekne av valet i USA, men mykje er vanskeleg å forstå. Dette gjeld både valsystemet, og korleis kulturelle og sosiale tilhøve verkar inn på veljarane. Presidentvalet kjem til å bli dyrare og bitrare en nokon gong, denne gongen blir det kanskje også det viktigaste: Er demokratiet trua? Kan det bli borgarkrig? Eller er folkestyret så solid at det uansett vil vinne over alvorlege politiske kriser og djupe sosiale splittingar?

Mange amerikanarar har erfart at medan løna har stått stille, har prisane auka jamt og trutt. Veljarane gjev dei folkevalde skulda, og politikarforakta er rekordhøg. Dei to store partia står langt frå kvarandre og det politiske klimaet i Washington DC er kjøligare enn på lenge.

Det er nok av saker å gripe tak i: Helse og skule, illegal innvandring og sjølvbestemd abort, internasjonalt samarbeid kontra “America First”. Kven er best egna: Ei svart kvinne, vise-president Kamala Harris, eller ein kvit mann, eks-president Donald Trump? Denne gongen er det likevel mange som meiner at sjølve det politiske systemet er trua og at demokratiet står på val. Alt dette og meir vert det kasta lys over, og dette bidreg til at vi er litt meir opplyste når valet går av stabelen i byrjinga av november. Velkomen til eit interessant foredrag ved to ekspertar på temaet.

Tid: Torsdag 24. oktober kl. 13.00–14.00
Stad: Askøy folkebibliotek

Programmet er i samarbeid med Vestland fylkeskommune.

BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart.


 

Telefon
E-post:
Hvem passer arrangementet for?
Voksne
Adresse
Askøy folkebibliotek

 

Datoer


  • 24. okt 2024 13:00 - 14:00

 

Kart