Accessibility Tools

Skip to main content

Opningsfest

Kurs, foredrag og debatt
opningsfest
Dato: 19. sep 2024 18:00 - 19:30

Møtested: Askøy folkebibliotek

Offisiell opning av nytt bibliotek med fanfare ved kulturskuleelevar. I det nye arrangementslokalet Fossen blir det feststemning med kake, poesi og musikk.

Poet og rimsmed Arne Torget kjem! Torget vart rikskjendis då han framførte sine eigne dikt i Norske Talenter i 2019. Han har også vore gjest i Eides Språksjov og hatt oppdrag som underhaldar, kåsør og standupkomikar i ei årrekke. Han har gitt ut fleire bøker dei siste åra. Torget er ein kunstnar med ord. Som stuntpoet vert dikta skrivne i augeblinken, og det er berre å la seg imponere over sluttresultatet. Her treng du absolutt ikkje vere ein sofistikert dikt-kjennar for å humre og le, eller kanskje felle ei tåre. Musikk ved dei lokale musikarane Per Berg og Jan-Ove Hansen. Per Berg byr på ettertanke og humor. Ei herleg blanding av barbesøk, alkohol, bedehus, lyrikk og humor. Poet og trubadur Jan-Ove Hansen tek med gitaren og byr på flotte tonar. Dette er ei oppleving du ikkje vil gå glipp av!

Tid: Torsdag 19. september kl. 18.00–19.30
Stad: Askøy folkebibliotek

Arrangementet er i samarbeid med Askøy Mållag.

BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart.


 

Telefon
E-post:
Hvem passer arrangementet for?
Voksne
Adresse
Askøy folkebibliotek

 

Datoer


  • 19. sep 2024 18:00 - 19:30

 

Kart