Accessibility Tools

Skip to main content

Litterær vandring på Ask

Møteplasser
litteraer-vandring-ask-2
  24. apr 2025 18:00 - 19:30

  Askøy folkebibliotek

Saman med den lokale forfattaren Jenny Micko skal vi drøyme oss attende i tid. Serien hennar Krystallpikene er lagt til Ask for ca. 100 år sidan. Det er fleire dramatiske hendingar som ligg til grunn for serien. På vandringa får vi eit innblikk i handlinga i bøkene og i miljøet den gong. Vi skal gå i spora til dei to direktørdøtrene og til søskenparet som lever isolert i skogen.

Turen er lett, men kle deg etter vêret og med gode sko. Rullestol- og barnevognvenleg.

Tid: Torsdag 24. april kl. 18.00
Oppmøtestad: Ved Sparbutikken på Ask

Arrangementet er støtta av Fritt Ord og er i samarbeid med Folkeakademiet Askøy.

BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart.

 

Telefon
E-post:
Hvem passer arrangementet for?
Voksne
Adresse
Sparbutikken på Ask

 

Kart


 

Datoer


  • 24. apr 2025 18:00 - 19:30