Vinterferien: Mot Nordpolen! Med Nansen og Fjomsen
Askøy folkebibliotek
Kanskje du har høyrt om Fridtjof Nansen sin ekspedisjon mot Nordpolen, men har du høyrt historia til hunden Fjomsen som blei med? Hunder er smarte dyr som kan brukast til meir enn trekkdyr. Dette veit Fjomsen, men korleis skal den forklare det når menneske ikkje forstår hundespråk? Bli med på ei krunglete og iskald ferd mot Nordpolen. Møt sel, narkval, isbjørn og andre kompisar. Kjem dei seg fram? Kanskje, kanskje ikkje, men alle er dei einige om at det er ein fin tur. Forteljing for 4- til 7-åringar.
Tid: Tysdag 25. februar kl. 10.15 og kl. 11.15
Stad: Askøy folkebibliotek
BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart.
OBS! Store grupper og barnehagar MÅ reservere billettar på førehand.
Kart
Datoer
- 25. feb 2025 11:15
- 25. feb 2025 10:15