Tesalong med boktips (spesial)

Askøy folkebibliotek
I lune omgjevnadar presenterast utvalte bøker for vaksne. Set deg ned, slapp av og få inspirasjon til eit rikt utval av bøker. Vi serverer drikke og noko å bita i, med ein smak av «Afternoon Tea».
Denne gongen får vi besøk av ein lokal forfattar og podkasten SVEIP:
80 ÅR MED FRED – OG URO!
I år er det 80 år sidan freden kom til Europa og Askøy, men verda er framleis prega av mykje uro. Krigen i Ukraina og på Gazastripa teiknar eit dystert bakteppe for 80-årsmarkeringa, og USA sin nye utenrikspolitikk bekymrer mange. Askøy kommune sin nye podkast SVEIP kjem på Tesalongen 13. mai. Programleiar Stig Ryland har invitert veteranane Andreas Waardal og Svein Halvor Danielsen til ein prat. Dei har begge tenestegjort i Libanon. I tillegg får du og høyre om korleis 2. verdskrig ramma Askøy.
Tid: Tysdag 13. mai kl. 18.00–19.00
Stad: Askøy folkebibliotek
Påmelding grunna matservering (seinast kl. 12 dagen før). OBS! Det er få plasser. Ved påmelding, hugs òg å sende ein e-post til om eventuelle matallergiar, så legg vi til rette så godt vi kan.
Kart
Datoer
- 13. mai 2025 18:00 - 19:00