Fugleterapi – teiknekurs for vaksne
Askøy folkebibliotek
I teiknekurset "Fugleterapi" fordjupar vi oss i fuglane si fantastiske verd gjennom teikning. Eit langbord blir dekka på med tørka botanikk, utstoppa fuglar, flotte fuglebøker med foto og teikningar, samt profesjonelt teikneutstyr. Vi har avslappande bakgrunnsmusikk med fuglekvitter, kaffi/ te og enkel snacks. Alle deltakarane får god individuell rettleiing på teikning. Kurset krev ingen forkunnskap, alle kan delta uansett kva nivå dei ligg på teikneteknisk. Kunstnar og kursleiar Katrin Berge er svært glad i fuglar og brukar dei mykje i sin kunstnarskap. Å teikne og snakke om fuglar er verkeleg terapi, og i dette kurset får ein både terapi og ny kunnskap om både fuglar og teikning! Det er fritt fram for å dele fakta og morosame historier ein har opplevd med fuglar medan kurset går føre seg.
Om kursleiar: Katrin Berge er ein 41 år gammal kunstnar utdanna frå Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (KMD) med ein mastergrad i Visuell kommunikasjon og illustrasjon (2010). Berge kjem opphaveleg frå Fosnavåg i Herøy, men har vore fast busett i Bergen sidan 2004. Berge jobbar med blyantteikning og lagar naturalistiske og detaljerte teikningar av dyr og natur.
Tid: Torsdag 13. februar kl. 17.30–20.30
Stad: Askøy folkebibliotek
BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart.
Kart
Datoer
- 13. feb 2025 17:30 - 20:30